Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
1.600 personar, deriblant 119 barn, er evakuerte på grunn av flaum og springflod sør i Frankrike. Ein tysk mann i 70-åra er sakna.
bibiana.dahle.piene@ntb.no/kjell@npk.no
Publisert: 10.08.2018 kl 17:59
Mannen er leiar for ein ferieleir for barn i Gard-distriktet sør i Frankrike. Han sat i bilen sin då denne blei tatt av flaumen. Bilen er seinare funne, men var då tom, ifølgje fransk politi.
Dei fleste av dei evakuerte er campingturistar.
Tre ulike regionar sør i Frankrike er oversumte på grunn av springflod torsdag. Fredag er det meldt om rolege vêrforhold.
Britiske Tom Bryan er på ferie i regionen og seier til Sky News at både campingplassar og restaurantar er øydelagde av vassmassane.
(©NPK)
Ei campingvogn ligg smadra igjen etter at flaum og springflod ramma det sørlege Frankrike. Foto: AP / NTB scanpix