Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Norsk politi har sendt ut 3.358 utlendingar med tvang i dei åtte første månadane i år. I august vart 444 personar uttransporterte frå Noreg.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 20.09.2018 kl 08:57
Talet på tvangsutsendingar i dei første åtte månadane er 10 prosent lågare enn på same tid i fjor, melder Politiets utlendingseining (PU).
Dei som er tvangsutsende av norsk politi i år har 125 nasjonalitetar og dei er tvangsutsende til 117 land. Landet dei utviste blir sende til er ikkje nødvendigvis heimlandet.
Blant dei 3.358 uttransporterte var ein dryg tredel 1.194 personar, tilsvarande 36 prosent, personar som var straffa i Noreg. Av desse var nesten kvar femte, eller 18 prosent, frå Polen, 14 prosent var frå Romania og 9 prosent frå Litauen.
Av dei 444 uttransporterte personane i august var 366 bort- eller utviste, 34 hadde fått avslag på asyl og 44 kunne sendast til trygt tredjeland eller få asylsøknaden behandla i eit anna europeisk land.
I alt 19 mindreårige vart uttransporterte i august. Av desse var det éin einsleg mindreårig som vart vist bort til trygt tredjeland. Dei andre drog saman med føresett eller eit nært familiemedlem, opplyser PU.
(©NPK)
Her på utlendingsinternatet på Trandum blir dei som skal tvangsutsendast innkvarterte før avreise. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix