19 drepne i Taliban-angrep i Afghanistan

Minst 19 menneske er drepne og over 50 er såra i to Taliban-angrep mot afghanske sikkerheitsstyrkar.

14 regjeringssoldatar vart drepne i eit angrep i Sayyad-distriktet i den nordlege Sar-e-Pul-provinsen natt til tysdag.

Minst 25 andre vart såra i angrepet, opplyser Noor Aga Noori, som sit i provinsrådet. Ifølgje han tok Taliban-opprørarane fire regjeringssoldatar til fange under angrepet.

I Ghazni-provinsen aust i Afghanistan vart minst fem regjeringssoldatar drepne i eit sjølvmordsangrep i morgontimane tysdag.

Minst 26 andre, blant dei 18 politifolk og den øvste politiske leiaren i Muqar-distriktet, vart såra i angrepet.

Angriparen kom køyrande i eit militært Humvee-køyretøy, som vart tatt frå regjeringsstyrkane under eit anna Taliban-angrep, opplyser Arif Noori, som er talsmann for guvernøren i Ghazni-provinsen.

Minst 50 menneske vart drepne i ei rad angrep måndag, dei fleste av dei soldatar, politifolk, offentleg tilsette og Taliban-opprørarar.

(©NPK)

Minst 50 menneske vart drepne i ei rad angrep i Afghanistan måndag. Foto: AP / NTB Scanpix

Annonse