Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
21 kommunar fekk avslag på søknad om tilskot til flaum- og skredsikringstiltak, medan 14 kommunar får støtte frå NVE i 2018.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/johanne@npk.no
Publisert: 16.07.2018 kl 13:58
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) deler ut 76 millionar kroner til dei 14 kommunane for å sikre mot flaum og skred, opplyser NVE.
21 kommunar fekk altså avslag på søknadene sine, som til saman utgjorde eit beløp på om lag 139 millionar kroner.
Blant kommunane som får tilskot, er Ringsaker, Hå, Nord-Fron og Vik.
Dei største tilskota blir tildelt Ringsaker og Hå kommune, som får høvesvis 22 og 20 millionar kroner for å sikre område mot flaum.
Bergen kommune fekk avslag på søknaden sin om å sikre Vallaskaret mot skred i det som ville kosta 2,3 millionar kroner.
Volda fekk avslag på søknaden på 24 millionar kroner for erosjonssikring.
- Det er fleire grunner til at søknader blei avslått, blant anna mangelfull informasjon eller dokumentasjon, låg samfunnsøkonomisk nytteverdi i forhold til kostnadene, eller at tiltaket ikkje nådde opp i prioriteringa innanfor den tildelte økonomiske ramma, opplyser NVE.
(©NPK)
Flyfoto av flaumområde på Austlandet i mai i år. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix