23 skadde då glødande lavasteinar gjekk gjennom taket på ein turbåt på Hawaii

23 passasjerar blei skadde då lavasteinar brasa gjennom taket på ein turbåt ved Big Island på Hawaii, opplyser miljøstyresmaktene.

Ei kvinne i 20-åra blir omtalt som alvorleg skadd etter eit beinbrot. I tillegg er tre personar på sjukehus med uspesifiserte skader, men dei blir sett på som stabile. Dei resterande passasjerane enda opp med brannskadar og skrubbsår.

Fleire selskap arrangerer båtturar som går tett ved dei områda der lava renn ut i havet. Måndag skjedde ein eksplosjon som sende ei skur av steinar gjennom lufta. Ifølgje brannvesenet trefte lavasteinane taket på båten og laga eit stort hol.

Eigar og kaptein av båten, Shane Turpin, fortel at dei observerte vulkanane frå over 450 meters avstand i rundt 20 minutt, før dei bevegde seg nærmare.

- Plutseleg eksploderte alt rundt oss. Det var overalt, seier han.

Styresmaktene åtvarar båtane mot å gå for nærme, då blandinga av glovarm lava og vatn kan skape giftige gassar og ørsmå glaspartiklar.

Lavaen som turistane var komne for å observere måndag, kjem frå Kilauea-vulkanen. Den har sidan mai hatt utbrot og trua område med bygningar.

(©NPK)

Bildet er tatt ved Pahoa på Hawaii i mai. Foto: Jae C. Hong / AP / NTB scanpix

Annonse