Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Egyptaren Karim Hossam blei tysdag utestengt frå tennis på livstid etter å ha blitt funnen skyldig i 16 tilfelle av kampfiksing. 24-åringen blei også bøtelagt.
sjur.natvig@ntb.no/kari@npk.no
Publisert: 03.07.2018 kl 19:03
Det er det internasjonale tennisforbundets (ITFs) integritetseining som har dømt Hossam. Han blei blant anna funnen skyldig i ikkje å ha rapportert førespurnader om å fikse kampar, å ha leke innsideinformasjon og å ha tilrettelagt veddemål i kampar på ITFs Futures-turneringar i åra 2013 til 2017.
Han blei også pålagt ei bot på snaue 125.000 kroner.
Han har på det beste vore rangert som nummer 337 i verda. Før utestenginga var han ikkje blant dei 1.000 beste.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.