Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
70 bueiningar er evakuerte på grunn av brannen i attvinningsanlegget Revac i Re kommune i Vestfold.
nina.holand@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 28.05.2018 kl 07:06
Brannen vart meldt om like over klokka 7 søndag morgon, og det brenn framleis måndag morgon.
Nødetatane har førebels ikkje komme i kontakt med alle naboane til bygget. Totalt skal 89 bustader evakuerast. Det opplyser operasjonsleiar i Søraust politidistrikt, Trond-Egil Groth til NTB.
Brannvesenet trekte røykdykkarane ut av det brennande bygget søndag kveld i firdeu dei vente at delar av det massive betongtaket skulle rase. Taket har førebels ikkje gitt etter for brannen.
(©NPK)
22 timar etter at meldinga om brannen kom, brann det framleis i attvinningsanlegget i Re kommune. Foto: Vestfold Interkommunale Brannvesen / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.