Annonse

Aamot-statuetten til Iram Haq

Regissør, skodespelar og manusforfattar Iram Haq (42) er tildelt Film & Kinos ærespris Aamot-statuetten.

Regissør, skodespelar og manusforfattar Iram Haq (42) er tildelt Film & Kinos ærespris Aamot-statuetten.

Prisen er bransjeorganisasjonens høgste utmerking og går til regissørar, fotografar, skodespelarar eller andre personar som har gjort ein framifrå innsats i eller for norsk film og kinobransje eller norsk filmproduksjon.

Iram Haq er utdanna ved Westerdals School of Communication og spelte hovudrolla i filmen «Import Eksport» i 2005. Ho hadde også ein rolle i TV-serien «Borettslaget», var sjukepleiar i serien «Berlinerpoplene» og eitt av drapsoffera i Varg Veum-filmen «Falne engler».

Prisvinnaren debuterte med kortfilmen «Trofast» i 2003. Den vart valt ut til festivalen i Venezia året etter. I 2009 skreiv ho manus til, spelte i og regisserte kortfilmen «Skylappjenta». Filmen har vunne fleire internasjonale priser, og vart plukka ut til Sundance filmfestival i 2010. «Skylappjenta» er også utgitt som bok som vart nominert til Kulturdepartementets debutantpris i 2010.

I 2013 skreiv ho manus til og regisserte spelefilmen «Jeg er din», som vart valt som Norges Oscar-kandidat for 2014. «Hva vil folk si» kom i fjor, også den skriven og regissert av prisvinnaren. Den vart ein av Noregs mestvinnande filmar det siste året, i både inn- og utland. Sist laurdag vann den heile fire Amanda-priser i Haugesund, for beste film, regi, manus og beste mannlege hovudrolle.

Priskomiteen 2018 har bestått av programdirektør Christin Berg, kinodirektør Elisabeth Halvorsen, produsent Silje Hopland Eik, filmkonsulent Åge Hoffart og redaktør Jan Erik Holst som leiar.

(©NPK)

Regissør, skodespelar og manusforfattar Iram Haq er tildelt Film & Kinos ærespris Aamot-statuetten. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Annonse