Aktivistar seier Kina har fleire uigur-leirar
Uiguraktivistar opplyser at dei har dokumentert nesten 500 leirar og fengsel drivne av Kina der uigurmuslimar sit internert.
Ifølgje den Washington-baserte rettsgruppa The East Turkistan National Awakening Movement, kan Beijing halde langt fleire uigurar fanga i interneringsleirar enn det tidlegare antatte talet på ein million.
Gruppa seier dei har koordinatane til 182 mistenkte interneringsleirar der uigurar visstnok blir pressa til å gi avkall på kulturen sin.
Ei større mengde leirar
Basert på bilde frå Google Earth, seier aktivistane at dei òg har oppdaga 209 mistenkte fengsel og 74 arbeidsleirar.
- Desse har stort sett ikkje vorte identifiserte tidlegare, så det kan dreie seg om ei lang større mengde menneske som er arresterte, seier operasjonsleiar for rørsla Kyle Olbert.
- Vi er bekymra for at det er fleire fasilitetar vi ikkje har klart å identifisere, seier han.
Kina har fått kraftig kritikk for å ha etablert store interneringsleirar i Xinjiang vest i Kina. Kinesiske styresmakter beskriv det som frivillige opplæringssenter for å kjempe mot ekstremisme og gi menneske ny kompetanse.
Kina meiner skuldingane er «grunnlause»
Det er omfattande kameraovervaking i regionen, og kontrollpostar der politiet stansar uigurar for ID-testing.
Ifølgje Kinas utanriksdepartement er skuldingane om fleire leirar «grunnlause».
- Aust-Turkestan-organisasjonar utanfor Kina har lenge gjennomført aktivitetar som skadar Kinas nasjonale sikkerheit, seier talsperson for utanriksdepartementet Geng Shuang.
Ifølgje FN er minst ein million uigurar og andre muslimske minoritetar plasserte i slike leirar. Men ifølgje Randall Schriver, øvste tenestemann for Pentagon i Asia, er talet sannsynlegvis nærare tre millionar innbyggarar - eit betydeleg tal i ein region med rundt 20 millionar menneske.
(©NPK)