Annonse

Alaphilippe ny samanlagtleiar i Tour of Britain

Klatrekongen frå Tour de France, Julian Alaphilippe, tok over leiinga i Tour of Britain etter at han vart andremann bak Wout Poels på fredagsetappen.

Franskmannen Alaphilippe var nummer to i samandraget før etappen fredag, seks sekund bak Primoz Roglic.

På den sjette etappen av rittet fredag tok Alaphilippe leiartrøya etter å ha kjempa om etappesigeren med Sky-ryttaren Wout Poels. Nederlendaren trekte det lengste strået og kom til mål i fjellpasset Whinlatter Pass to sekund før Quick-Step-rytteren.

Roglic tapte sekund på etappen og er no 0.32 minutt bak Alaphilippe i samandraget. Poels er ny toar samanlagt, 17 sekund bak Alaphilippe.

Julian Alaphilippe, mannen som vann klatretrøya i Tour de France i år, vann den tredje etappen i Storbritannia.

Ingen nordmenn er med i rittet som blir avslutta søndag.

(©NPK)

Quick-Steps Julian Alaphilippe tok over samanlagtleiinga i Tour of Britain. Foto: David Davies / PA via AP / NTB scanpix

Annonse