Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Sjølv om vi er stadig eldre når vi gifter oss, har aldersforskjellen mellom ektefellane lege stabilt på om lag 2,5 år sidan 1974.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 29.05.2018 kl 09:09
I 1974 var kvinner i gjennomsnitt 22,8 år og menn 25,3 år då dei gifta seg for første gong.
42 år seinare, i 2016, var kvinner 31,9 år og menn 34,6 år i snitt på bryllaupsdagen. Både kvinner og menn gifter seg altså litt over ni år seinare i livet i 2016 enn i 1974.
Likevel har differansen i alderen mellom ektefellane endra seg minimalt: frå 2,5 til 2,7 år.
- Menn og kvinner gifter seg begge om lag 3.300 dagar seinare i livet no enn før, mens aldersforskjellen dei imellom berre har endra seg med 73 dagar, seier forskar Kenneth Aarskaug Wiik i Statistisk sentralbyrå (SSB).
(©NPK)
Aldersforskjellen mellom ektepar er forbausande stabil. I dag er kvinna i snitt 2,7 år yngre enn mannen. I 1974 var aldersforskjellen 2,5 år. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB SCANPIX