Klargjør siden...

All helikoptertrafikk i Nordsjøen står

Ein feil i eit datasystem har lamma all helikoptertrafikk til og frå installasjonane i Nordsjøen. 

Ein feil i bookingsystemet DaVinci har ført til at ingen helikopter har kunna fly onsdag, skriv Sysla. Basane på Flesland, Stavanger, Florø, Kristiansund og Brønnøysund er ramma.

- Helikoptertrafikken har stått i heile dag, og det vert jobba for å løyse problema, seier Morten Eek i Statoil til avisa.

Stoggen får konsekvensar for byte av personell på plattformene. Statoil har dagleg omtrent 40 avgangar frå fastlandet. Ei moglegheit er å registrere alle reisande manuelt, men på denne måten kan berre halvparten av avgangen gjennomførast.

Feilen gjeld alle selskapa som opererer i Nordsjøen.

(©NPK)

Ingen helikopter kunne onsdag frakte personell til og frå installasjonane i Nordsjøen etter feil i eit dataprogram. Illustrasjonsfoto: Carina Johansen / NTB scanpix