Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Amedia og Polaris Media går inn på eigarsida i faktasjekktenesten Faktisk.no.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kjell@npk.no
Publisert: 01.06.2018 kl 14:37
Det er Faktisk.no som i ei pressemelding melder at eigargrunnlaget no blir utvida.
Faktisk.no blei oppretta som ein sjølvstendig redaksjon 5. juli 2017, då med NRK, VG, Dagbladet og TV 2 som eigarar. Hovudformålet er å faktasjekke det offentlege ordskiftet, drive kjeldekritikk og kontrollere opplysningar som dukkar opp i norske medium.
Med Amedia og Polaris inn på eigarsida, samarbeider no alle dei store mediehusa i Noreg om faktasjekktenesten Faktisk.no.
- Norsk mediebransje bør samarbeide der det er mogleg og konkurrere der det er riktig. Det breie faktisk.no-samarbeidet indikerer at vi greier det første, seier konserndirektør Anders Opdahl i Amedia.
Utanom driftsstøtte frå eigarane, har Faktisk.no fått stønad frå Fritt Ord, Dagbladets stiftelse, stiftelsen Tinius og Facebook. I tillegg samarbeider Faktisk.no med NTB og Retriever om distribusjon og databasetilgang.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.