Klargjør siden...

Andreas Toft går frå NRK - blir fotballkommentator på Viasport

Andreas Toft byter ut NRK med TV3-eigar NENT. - Det blir annleis å kommentere for ein kommersiell kanal, seier den mangeårige alpinkommentatoren.

Det siste året har Toft vore vaktsjef i NRK. No gjer han comeback i kommentatorbua for kanalen i NENT-gruppa.

- Eg har trivest veldig godt i NRK, men når eg fekk dette tilbodet frå Viasport, som har så mange interessante rettar, var det så spennande at dette måtte eg gå for. Eg får lov til å vere med å forme sendingane som vaktsjef og kommentator, seier Toft.

Han skreiv under kontrakten med NENT-gruppa fredag. I haust er han på plass hos den nye arbeidsgivaren.

- Eg skal vere med på alt dei har rettar til. Dei har Champions League, som har vore flaggskipet i mange år og har kjøpt nesten heile Fotball-Europa. Det er eit konsern som satsar kraftig på sport. Dei sit på nokre av dei mest attraktive rettane, og da vel eg å hoppe på noko nytt, seier den tidlegare NRK-profilen.

- Det er eigentleg sjukt å slutte i NRK. Det er skummelt. NRK har vore ein veldig god og trygg arbeidsplass, fortset Toft.

Elskar live-nerven

Toft blei raskt ein populær alpinkommentator. Han steig raskt i gradene og kommenterte også cupfinalen for NRK.

- Eg har alltid hatt ein barndomsdraum om å kommentere sport på TV. Det var alltid så gøy å høyre på Knut Th. Gleditsch, Arne Scheie og heile gjengen eg vaks opp. Det skal eg drive med ein gong, tenkte eg. Eg elskar sport, og spesielt sport som skjer no, live-idrett. Det har ein eigen nerve, seier Toft.

- Du følgjer i same fotspor som legenda Gleditsch, som hamna i TV3 etter mange år i NRK.

- Vi går same veg. Det har eg faktisk ikkje tenkt på, ler Toft.

Strengare sjåarar

Han er tydeleg på at kommenteringa blir annleis når han skal i aksjon for ein kommersiell kanal.

- Eg trur at når ein er i NRK, så kommenterer ein litt for alle. Ein er nøydd til å tenkje at du skal nå ut til ei vidstrakt gruppe i befolkninga. No skal eg ofte kommentere for eit meir dedikert publikum, sjåarar som har kjøpt tilgang - rett og slett kyrkjelyden. Og da blir publikum strengare, seier Toft.

- Og da kjem du til å halde deg unna Twitter, som kan vere nokså nådelaust mot kommentatorar?

- Twitter'n held eg meg unna uansett. Der er eg lite. Der blir ein vel hengt uansett kven ein måtte vere, seier Toft.

Sportssjef i NENT Group Norge, Anne Tufte, seier dette om tilsetjinga av Toft:

- Dette er ei svært god signering for Viasport. Andreas har lang og brei erfaring som reporter, kommentator og vaktsjef og blir eit utruleg bra tilskot til ein allereie svært kompetent sportsredaksjon. Vi gler oss stort til å få han på plass til hausten.

(©NPK)

Andreas Toft går frå NRK til Viasport-kanalane.
Foto: Nentgroup / NTB scanpix