Anne Lindboe blir barnehagedirektør

Avtroppande barneombod Anne Lindboe blir ny administrerande direktør i Private barnehagers landsforbund. 

- Eg gler meg veldig til å komme i gang og ta fatt på oppgåvene i PBL. Det blir utruleg spennande, og eg ser fram til å jobbe for at alle barn skal få moglegheita til å gå i ein best mogleg barnehage, seier Lindboe.

PBL er interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon for dei private barnehagane i landet. Forbundet har 1.930 medlemsbarnehagar med omtrent 30.000 tilsette.

Fredag vart det kjent at Inga Bejer Engh overtar som nytt barneombod etter Lindboe i slutten av juni. Lindboe har vore barneombod i seks år.

Lindboe seier at ho vil ta med seg viktige erfaringar frå jobben som barneombod.

- Gode barnehagar er utruleg viktig for barna. Vi skal ha barnehagar med kompetente og trygge tilsette som ser kvart enkelt barn og deira behov. Spesielt må vi sjå dei som har spesielle utfordringar, og vi må ha gode system for å kunne gi dei det tilbodet dei treng, seier Lindboe.

Ho overtar stillinga i PBL etter Arild Olsen som har vore dagleg leiar og administrerande direktør i PBL i 21 år.

(©NPK)

Anne Lindboe blir ny direktør i Private barnehagers landsforbund over sommaren. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Annonse