Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Eit Ap-utval foreslår at tillitsvalde i kommunar som kjøper inn tenester, skal få innsyn i lønnsvilkåra hos dei private tilbydarane.
trine.andersen@ntb.no/hallvard@npk.no
Publisert: 16.09.2018 kl 09:30
- Vi har byrja å rydde opp i byggjebransjen, der det har vore ein aukande grad av innleige. No skal vi rydde opp i helse og omsorg, seier Arild Grande i Arbeidarpartiet til NTB.
Han har leidd arbeidslivsutvalet i partiet, som no er i sluttfasen av arbeidet med å meisle ut Arbeidarpartiets politikk på området før lokalvalet neste år. Landsstyret i Ap skal diskutere forslaga på møtet tysdag.
- Aleris-saka er eit grelt døme på kor gale det kan gå når privatiseringsiveren blir for stor og innleiga breier om seg, meiner Grande.
Den 3. september skreiv Klassekampen at 26 konsulentar i den privateigde helse- og omsorgsføretaket Aleris Ungplan har gått til sak fordi dei meiner dei urettmessig har vore leigde inn som konsulentar.
Grande viser til at kommunesektoren med omkring 500.000 tilsette er ein svært stor arbeidsgivar.
Ap ønskjer at det skal stillast seriøsitetskrav ved innkjøp av tenester til offentleg sektor, medrekna helse- og omsorgssektoren.
«Tillitsvalgte i virksomheter som kjøper inn tjenester, gis innsyn i kontrakter og lønns- og arbeidsvilkår hos leverandøren,» heiter det i forslaget, som NTB har fått sjå.
- Den som kjøper inn tenester, skal få innsyn i lønns- og arbeidsvilkåra til dei private tilbydarane, utdjupar Grande.
- Ofte blir det lagt opp til at det er dei tillitsvalde hos dei private tilbydarane som skal ta dette ansvaret. Men ofte finst ikkje dei, meiner han.
Grande håper tiltaket skal føre til at kritikkverdige forhold blir avdekt mykje tidlegare. Det skal dessutan tvinge kommunen til å vurdere om ein skal basere ein så stor del av verksemda på innleige.
Heidi Nordby Lunde i Høgre reagerer skarpt på forslaget.
- Eg trur ikkje Ap skjønner heilt kva dei driv med, for å vere heilt ærleg. Dei får det til å høyrast ut som om innkjøparane i offentleg sektor er useriøse, noko som er ei nedvurdering av både norsk offentleg sektor og dei som jobbar der, seier ho til NTB.
- Ap går ikkje overraskande inn for ei radikal utviding av tillitsvaldsordninga og vil med dette ikkje berre ha innsyn i innkjøpskontraktane til kommunen, men dei interne tilhøva til eksterne selskap. Det er ein fullstendig mangel på tillit til det norske næringslivet.
I vår gjekk KrF saman med dei raudgrøne om å sikre innstrammingar for bemanningsbransjen. Dermed blir det forbode med såkalla nulltimarskontraktar i alle bransjar, det vil seie avtalar der dei tilsette i bemanningsbyråa står utan lønn mellom oppdraga. I tillegg får frå neste år berre føretak som er bundne av ein tariffavtale, lov å leige inn arbeidskraft.
I tillegg til arbeidslivet har Ap òg sett ned utval som har arbeidd med migrasjon og distrikt.
Migrasjonsutvalet håper forslag om nye tredjelandsavtalar, auka støtte til nærområda og eit nytt skilje blant flyktningar skal auke talet på kvoteflyktningar og gi færre asylsøkarar. Utvalet presenterte forslaga sist veke.
På landsstyremøtet til Ap tysdag skal Grande og Masud Gharahkhani, som har leidd migrasjonsutvalet, presentere arbeidet med politikkutvikling på områda arbeidsliv og migrasjon.
Denne veka skreiv Dagsavisen at arbeidslivsutvalet ønskjer å gjere avtalen om inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen) meir forpliktande ved å påleggje IA-føretaka å betale for å sende tilsette som slit med helsa, på etter- og vidareutdanningskurs.
(©NPK)
Stortingsrepresentant Arild Grande er leiar for Arbeidarpartiets arbeidslivsutval. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK
Artikkelen fortsetter etter annonsen.