Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Apple har betalt den gigantiske skattegjelda si til Irland, rundt 136 milliardar kroner, opplyser styresmaktene i landet.
hallvard@npk.no
Publisert: 18.09.2018 kl 18:58
EU-kommisjonen slo sommaren 2016 fast at Apple hadde fått ulovlege skattefordelar gjennom ein avtale med Irland.
Apple har fleire tusen tilsette i Irland og inngjekk i si tid ein avtale om å betale 1 prosent i selskapsskatt. Mellom 2003 og 2014 vart denne satsen justert ned til 0,005 prosent.
EU-kommisjonen meinte at dette gav Apple ein eksklusiv fordel, noko som i praksis måtte reknast som ulovleg statsstøtte.
Kommisjonen påla derfor Irland å krevje 13 milliardar euro etterbetalt frå Apple, pluss 1 milliard i renter. Både Apple og Irland anka avgjerda, men styresmaktene i Irland sa seinare at dei ville rette seg etter pålegget.
I desember i fjor vart Irland og Apple einige om vilkåra for tilbakebetalinga, som no er sluttført.
Irlands finansminister Paschal Donohoe opplyste tysdag at Apple i tråd med avtalen har gjort opp for seg.
(©NPK)