Aquarius-skipet fekk leggja til på Malta

Fem dagar etter at 141 menneske blei plukka opp av redningsskipet Aquarius utanfor kysten av Libya, fekk dei gå i land på Malta.

Frå skipet kunne det høyrast stor jubel då det la til kai i hamna i Valletta onsdag ettermiddag. Nokre av passasjerane viste fredsteikn og vinka frå dekk.

Etter mykje fram og tilbake sa fem EU-land seg tysdag villige til å ta imot sin del av migrantane, som blei plukka opp i to omgangar utanfor kysten av Libya fredag.

Dei fleste av dei er somaliarar og eritrearar, og 67 er einslege mindreårige, ifølgje Leger Uten Grenser (MSF), som driftar Aquarius saman med franske SOS Mediterranee.

Italia og Malta har sagt at det er uaktuelt for dei å ta imot fleire flyktningar, og Aquarius køyrde i helga rundt i Middelhavet medan dei venta på at EU skulle finne fram til ei løysing. No tek Tyskland, Frankrike, Luxembourg, Portugal og Spania kvar sin kvote frå Aquarius, i tillegg til 114 som kom til Malta for ei dryg veke sidan.

Migrantane blei frakta rett inn i politibussar og køyrde til mottakssenter etter at Aquarius hadde lagt til kai onsdag. Dei skal no fordelast mellom dei fem landa, som skal vurdera om dei har rett på vern.

Det er femte gongen sidan juni at EU løyser slike problem ad hoc. Dette tvinga seg fram då den nye regjeringa i Italia nekta å la redningsskip gå til kai.

SOS Mediterranee seier dei har ei moralsk plikt til å redda menneske som er i havsnød. Organisasjonen helsar avgjerda til EU velkommen, det same gjer FNs høgkommissær for flyktningar. Samtidig blir det etterlyst ein meir varig modell for løysing av slike utfordringar.

(©NPK)

Migrantar og mannskap vinkar då Aquarius legg til kai i Valletta onsdag. Foto: Rene Rossignaud / AP / NTB scanpix

Migrantar og mannskap vinkar då Aquarius legg til kai i Valletta onsdag. Foto: Rene Rossignaud / AP / NTB scanpix

Det franske redningsskipet Aquarius fekk onsdag lov til å leggja til kai på Malta. Biletet viser skipet på veg ut frå Marseille tidlegare i sommar.
Foto: AP/NTB scanpix

Annonse