Åtte skadd i valdsepisode på buss i Lübeck

Åtte personar blei fredag skadd i ein valdsepisode på ein buss i Lübeck, opplyser tysk politi. Ein mann skal ha stukke ned passasjerar med ein kjøkkenkniv.

I ei utsegn frå politiet fredag ettermiddag går det fram at tre personar blei alvorleg skadd, mens fem fekk lettare skader. Ingen blei livstruande skadd.

Ein mistenkt mann blei kort tid etter arrestert. Ifølgje ubekrefta meldingar dreier det som om ein mann i 30-åra frå Iran.

Augevitne opplyser til avisa Lübecker Nachrichten at bussen var full av passasjerar då ein mann plutseleg tok opp ein kniv frå ei veske og byrja å stikke folk rundt seg.

- Eitt av offera hadde akkurat tilbode sitjeplass til ei eldre dame då gjerningsmannen plutseleg stakk han i brystet. Det var eit blodbad, seier eit augevitne.

Bussjåføren skal ha stoppa bussen omgåande og opna dørene slik at passasjerane kunne flykte ut. Ei politibil var tilfeldigvis i nærleiken, og ein mistenkt mann blei raskt arrestert.

Mange politifolk rykte ut til bydelen Kücknitz i den nordtyske byen der angrepet skjedde og sperra av området.

Det har førebels ikkje komme opplysningar om kva som kan ha vore motivet for angrepet.

Tyskland har dei siste åra opplevd fleire angrep retta mot tilfeldige menneske. Det verste skjedde i Berlin i desember 2016. Tolv personar blei drepne då ein tunisiar som hadde fått avslag på asylsøknaden, køyrde ein lastebil rett inn i ei folkemengd på ein julemarknad.

(©NPK)

Annonse