Klargjør siden...

Austerrike utviser imamar og stengjer moskear

Austerrikes sterkt høgreorienterte statsminister Sebastian Kurz seier fleire utanlandskfinansierte imamar skal utvisast og at sju moskear skal stengjast.

Kurz' viser i si kunngjering fredag til «politisk islam» som grunngjeving.

- Parallelle samfunn, politisk islam og radikalisering høyrer ikkje heime i vårt land, seier Kurz.

Avgjerda kjem som følgje av ei gransking av tyrkiskstøtta moskear i Austerrike der ein attfortalde Gallipoli-slaget frå første verdskrigen ved å spele død i moskeane, ifølgje Kurz.

Han viser til bilde som dukka opp i april. Bilda, publisert av det austerrikske nyheitsmagasinet Falter, viser barn i kamuflasjeuniform som marsjerer, helsar og viftar med tyrkiske flagg og deretter spelar døde.

«Lika» vart deretter lagt ved sida av kvarandre og dekte med flagg. Moskeen der bilda var frå, er styrt av den tyrkisk-islamske kulturforeininga (ATIB), som har hovudkvarter i Köln i Tyskland og som er ein del av det offentleg støtta religiøse direktoratet Diyanet i Tyrkia.

ATIB har fordømt bilda og kalla hendinga «svært beklageleg», og at «den vart avslutta før den var over».

(©NPK)

Austerrikes statsminister Sebastian Kurz seier at fleire imamar blir utviste og sju moskear stengde. Foto: AP / NTB scanpix