Klargjør siden...

Australsk erkebiskop dømt for å ha skjult overgrep mot barn 

Ein australsk erkebiskop vart tysdag den mest høgtståande katolske tenestemannen i verda som er dømt for å ha dekt over seksuelle overgrep mot barn. 

67 år gamle Philip Wilson vart tysdag funnen skuldig i å ha skjult overgrep mot fire gutar på 1970-talet.

Overgrepa vart gjort av presten Jim Fletcher mens dei begge jobba i eit bispedømme i nærleiken av Newcastle, nord for Sydney. Fletcher vart dømt for seksuelle overgrep mot barn før sin død.

Ein av Fletchers offer, Peter Creigh, seier han gjekk til Wilson og fortalde om overgrepa han var blitt utsett for. Men erkebiskopen, som har blitt diagnostisert med alzheimer, hevda i retten at han ikkje hugsar denne samtalen.

Dommar Robert Stone godtok ikkje denne unnskyldninga ettersom han meinte Creigh «ikkje hadde motiv for eller interesse av å finne på at samtalen fann stad», ifølgje den australske kringkastaren ABC.

Stone meinte Wilson visste at det var ei truverdig skulding og at Wilson sjølv ønskte å beskytte kyrkja og omdømmet til kyrkja.

Erkebiskopen vart sikta i saka i 2015 og har heile tida hevda at han er uskuldig. Han risikerer to år i fengsel.

(©NPK)

Den australske erkebiskopen Philip Wilson vart tysdag dømt for å ha skjult seksuelle overgrep mot barn for å beskytte kyrkja og omdømmet til kyrkja. Foto: Australian Broadcasting Corporation / AP / NTB scanpix