Klargjør siden...

Avis: Saudi-Arabias kronprins ville lokke Khashoggi heim

Saudi-Arabias kronprins Mohammed bin Salman gav ordre om ein operasjon for å lokke journalisten Jamal Khashoggi ut av USA og arrestere han, ifølgje avis.

Washington Post melder at amerikansk etterretning har fått nyss i planen til kronprinsen, og siterer ikkje namngitte tenestemenn som kjenner saka.

Ifølgje Washington Post, som Khashoggi også jobba for, står bin Salman bak ein plan om å lure journalisten frå heimen sin i Virginia i USA og heim til Saudi-Arabia. Deretter skulle han arresterast.

Khashoggi har i fleire av artiklane han skreiv for avisa, kritisert kronprinsen og politikken hans.

- Vart kontakta

Washington Post har snakka med venner av Khashoggi som seier at saudiarabiske tenestemenn hadde kontakta journalisten og tilbode han vern og til og med ein viktig jobb i regjeringa om han kom tilbake til landet. Khashoggi skal ha vore svært skeptisk og sagt at han ikkje stolte på dei.

Den saudiarabiske journalisten, som har budd i eksil i USA det siste året, var inne i det saudiarabiske konsulatet i Istanbul då han forsvann tysdag i førre veke. Tyrkiske tenestemenn hevdar saudiarabiske tenestemenn venta på journalisten der inne og drap han.

Leiaren for Senatets utanrikskomité, Bob Corker, seier ifølgje nyheitsbyrået AP at han har fått ein etterretningsrapport som antydar at journalisten vart drepen 2. oktober, dagen han gjekk inn på konsulatet.

Saudi-Arabia nektar alle tilknyting med Khashoggis forsvinning og avviser påstandar om at han vart drepen.

Trump krev svar

President Donald Trump sa onsdag, etter fleire dagars lunken respons, at han har snakka med saudiarabiske styresmakter «på høgste nivå» og no krev svar.

- Vi krev alt. Vi kan ikkje la dette skje, mot reporterar, mot nokon. Vi er veldig skuffa over å sjå kva det er som går føre seg. Vi likar det ikkje, og vi skal komme til botns i det, sa han.

22 senatorar har i eit brev til presidenten bedt han innleie etterforsking og vurdere sanksjonar.

Ifølgje Det kvite hus har ei rad høgtståande tenestemenn snakka med Salman dei siste dagane, blant dei nasjonal sikkerheitsrådgjevar John Bolton, utanriksminister Mike Pompeo og Trumps svigersønn og rådgjevar Jared Kushner.

(©NPK)

Folk møtte opp utanfor Saudi-Arabias ambassade i Washington onsdag for å demonstrere mot forsvinninga til Jamal Khashoggi. Foto: Jacquelyn Martin / AP / NTB scanpix