Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Strendene vart tømde for badegjester då det søndag vart klart at ein tropisk storm var på veg mot Floridas golfkyst.
nina.holand@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 28.05.2018 kl 07:25
Stormen Alberto låg søndag ettermiddag vest for Tampa, med kurs rett mot den nordvestlege golfkysten ved Panama City og Pensacola.
Alberto er den første stormen i denne orkansesongen og dreidde tidlegare søndag nordvestover, bort frå den sørlegaste tuppen av Florida.
Langs golfkysten både i Florida, Alabama og Mississippi er det sendt ut stormvarsel og appellar om frivillig evakuering av kystområda. På enkelte øyer og campingplassar rett på stranda er det obligatorisk evakuering.
Stormen er venta å treffe land måndag med kraftig nedbør og sterk vind, sjølv om den ikkje har nådd opp i orkanstyrke.
Strendene i Florida er normalt fullpakka med badegjester i Memorial Day-helga.
(©NPK)
Strender langs golfkysten av Florida ligg aude mens ein ventar på stormen Alberto. Foto: AP / NTB scanpix