Klargjør siden...

Bakke-Jensen lovar å diskutere amerikansk nærvær med Stortinget

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) er ikkje bekymra for at USAs militære nærvær i Noreg skal sende eit for aggressivt signal til Russland.

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) er ikkje bekymra for at USAs militære nærvær i Noreg skal sende eit for aggressivt signal til Russland.

Forsvarsministeren bekreftar overfor NTB at ein prosess er i gang knytt til dei amerikanske soldatane.

Han vil ikkje svare på kor raskt ei avklaring kan komme, men seier regjeringa vil følgje etablerte rutinar når saka skal behandlast politisk i Noreg.

- Då blir Stortinget informert. Og er det sensitivt, gjer vi det i den utvida utanriks- og forsvarskomiteen, seier Bakke-Jensen til NTB.

USA har i dag i overkant av 300 soldatar stasjonerte på Værnes i Trøndelag. Oberst Doug Bruun, som er sjef for den amerikanske styrken, sa i førre veke til Adresseavisen at han ønsker å doble talet til rundt 650 soldatar, dersom Noreg vil tillate det.

Bakke-Jensen er ordknapp om saka, men seier han ikkje er bekymra for at nærværet skal sende eit for aggressivt signal.

- Eg voks opp i dette dilemmaet. Eg er ikkje bekymra for at vi sender eit aggressivt signal til Russland. Vi er tydelege overfor Russland på at vi har eit eige nasjonalt forsvar som er truverdig, og at vi er medlem av Nato. Vi byggjer forsvaret vårt på desse to pilarane. Det veit Russland, seier han.

(©NPK)

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen i samtale med USAs forsvarsminister Jim Mattis under NATOs forsvarsministermøte i Brussel. Foto: Virginia Mayo / AP / NTB scanpix