Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Stortinget fekk ikkje beskjed om at arbeidet med terrorsikring vart utsett til 2025, bekreftar forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H).
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 27.08.2018 kl 16:47
- Eg forstår at vi kunne vore tydelegare på dette feltet, sa Bakke-Jensen då han stilte i kontrollkomitehøyringa om terrorsikring måndag.
I 2012 vedtok Stortinget at alle sikringsverdige objekt skulle ha ei grunnsikring innan 2015. Seinare utsette regjeringa fristen for gjennomføring av arbeidet til 2025 - men utan å informere dei folkevalde.
- Det er openbert at dette er eit arbeid som er mykje større og meir komplekst enn då ein vedtok forskrifta, men eg trur vi hadde tent på å halde Stortinget meir informert. Vi har ikkje kommunisert den planen som er lagt fram til 2025, innrømde forsvarsministeren.
Arbeidet har vist seg å vere både dyrare og vanskelegare enn først føresett, forklarte han. Det er særleg planarbeidet som er tidkrevjande.
- Det står på kapasitet til å prosjektere, gjennomføre offentlege anbod og kapasitet til å gjennomføre prosjektet, sa Bakke-Jensen.
Også forgjengaren hans, Ine Eriksen Søreide (H), vedgjekk at Stortinget burde ha fått eit betre og meir heilskapleg bilde av utfordringane med å få sikring av både militære og sivile terrorutsette objekt på plass, då ho forklarte seg for komiteen tidlegare måndag.
(©NPK)
Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (t.h.) stilte måndag saman med justis- og beredskapsminister Tor Mikkel Wara til open høyring i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.