Barnehagestart med forbod mot nikab og burka for tilsette

Frå 1. august blir det forbod mot bruk av nikab og burka for tilsette i norske barnehagar. Unødvendig, meiner Utdanningsforbundet.

- Eg kjenner ikkje til at dette verken har vore eit problem, eller at barnehagetilsette har gitt uttrykk for at vi treng eit nasjonalt forbod, seier leiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet.

Det nasjonale forbodet mot ansiktsdekkjande plagg for barnehagetilsette, som blei vedtatt i Stortinget i juni, trer i kraft frå og med 1. august. Forbodet gjeld plagg som finlandshette, nikab og burka, men omfattar ikkje hijab.

- Unødvendig

Handal er einig i at barnehagetilsette ikkje skal bruke ansiktsdekkjande plagg i møte med barn, men seier endringane i regelverket ikkje er nødvendige. Han meiner ordninga vi har i dag, som opnar for lokale forbod, er tilstrekkeleg.

Det var også dette som var konklusjonen i høyringssvara frå Utdanningsforbundet og Unio, då Kunnskapsdepartementet i 2017 foreslo forbodet.

- Eg synest det er interessant at regjeringa meiner ansiktsdekkjande plagg hindrar dialog, men ein kan jo spørje seg om eit forbod fremjar den, seier Handal.

- Det kan hende nokre politikarar ønskjer å profilere seg mot ei type veljargruppe med slike utspel, men frå eit utdanningsperspektiv i Noreg i dag, verkar dette heilt unødvendig, fortset han.

Heller ikkje Marie Therese Skinstad-Jansen, leiar for Foreldreutvalet for barnehagar, kjenner til at bruk av nikab eller burka er utbreidd blant barnehagetilsette. Foreldreutvalet er opptatte av at barn må kunne sjå ansiktet til dei tilsette i barnehagane.

- Men etter det vi er kjende med har ikkje dette vore noko problem i barnehagar, seier ho.

Skal skape føreseielegheit

Kunnskapsdepartementet avviser at det dreier seg om symbolpolitikk.

- Vi innfører eit nasjonalt forbod for å sikre at behova til barn for open kommunikasjon blir varetatt i alle barnehagar i heile landet. Dette er derfor ikkje eit symboltiltak, men eit viktig tiltak for å vareta behova til barna, seier statssekretær Kristin Holm Jensen (H).

Ho meiner nasjonale reglar skaper meir føreseielegheit enn situasjonen vi har i dag der lokalt forbod kan innførast.

Den nye regelen vil ikkje berre gjelde for barnehagen, men gjennom heile utdanningsløpet, frå grunnskule til universitet. Forbodet gjeld både elevar, studentar og tilsette ved undervisningsinstitusjonar i privat og offentleg sektor.

Der det på skulen og universitet derimot er lov å ha ansiktsdekkjande plagg i pausar, friminutt og personalmøte, gjeld forbodet i barnehagen for heile arbeidstida.

Ny bemanningsnorm

Det er også vedtatt ei ny bemanningsnorm i barnehagen, også den trer i kraft 1. august. Barnehagen skal då ha minst éin tilsett per tre barn når barna er under tre år, og éin tilsett per seks barn når barna er over tre år. Barnehageeigarar har fram til 1. august 2019 til å oppfylle bemanningskravet.

Ei ny pedagognorm skal også sikre minst éin pedagogisk leiar per sju barn under tre år, og éin leiar per 14 barn over den same alderen. Det blir også nye krav om norskferdigheiter for å bli tilsett i barnehagar.

(©NPK)

Ei rekke nye regler blir innført i norske barnehagar frå 1. august, blant anna eit nasjonalt forbod mot bruk av nikab eller burka for tilsette i arbeidstida. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / TT

Annonse