Annonse

Barnekomiteen til FN er bekymra for måten Noreg behandlar asylbarn

Noreg får igjen kritikk frå barnekomiteen til FN som er uroa for levekåra til barn i asylmottak, retur til utrygge område og barn som forsvinn frå asylmottak. 

- Eg er veldig glad for at komiteen kjem med fleire klare anbefalingar knytt til barn med fluktbakgrunn. Dette er ei av gruppene med barn i Noreg som er mest utsette, seier barneombod Anne Lindboe.

Behandlinga til norske myndigheiter av einslege, mindreårige asylsøkjarar har vore kritisert ei rekke gonger av barnekomiteen til FN. I rapporten som kom onsdag, blir kritikken tatt opp att.

- Eg vil sei at utviklinga går i feil retning. Rettane til denne gruppa har blitt svekte, seier Lindboe.

Redd Barna meiner at regjeringa og barneminister Linda Hofstad Helleland (H) no må lytte til kritikken.

- Dette er tredje gongen berre dette halvåret at Noreg får kritikk av eit FN-organ for behandlinga si av barn som har flykta åleine til Noreg. Som Menneskerettskomiteen og Torturkomiteen, er også Barnekomiteen uroa for at Noreg gir einslege mindreårige over 15 år eit dårlegare omsorgstilbod enn andre barn i Noreg, seier Thale Skybak, seksjonsleiar i Redd Barna.

(©NPK)

Bjørnebekk asylmottak på Ås. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix

Annonse