Annonse

Basketboikott av Trump

NBA-superstjerna LeBron James seier at president Donald Trump kan gløyme å få besøk av sesongens meisterlag i basketball.

- Uansett kven som vinn finalen, så vil ingen takke ja til ein invitasjon, verken Cleveland eller Golden State reiser, sa James.

Han får støtte av andre finalespelarar. Bakgrunnen for utsegna er delvis dette: President Donald Trump avlyste møtet med fotballaget Philadelphia Eagles i Det kvite hus på grunn av ein diskusjon om at NFL-spelarane skal stå under nasjonalsongen.

I ein utsegn måndag sa Trump at nokre spelarar på laget som vann Super Bowl, «er ueinige med presidenten fordi han insisterer på at dei stolt skal stå under nasjonalsongen, med handa på hjartet, for å heidre kvinner og menn i militæret og det amerikanske folk».

I USA er det vanleg at den sitjande presidenten inviterer ein del idrettsfolk til Det kvite hus etter store sigrar i inn- og utland.

(©NPK)

President Donald Trump i USA har erta på seg NBA-stjernene. Foto: Evan Vucci, AP / NTB scanpix

Annonse