Belgisk påtalemakt kallar Liège-angrepet for terrordrap

Trippeldrapet på to politikvinner og ein 22-årig mann i Liège var terror, meiner belgisk påtalemakt. Eit fjerde drap på ein 31 år gammal mann blir halde utanom.

Den 36 år gamle belgiaren Benjamin Herman, som tysdag vart drepen av politiet, står truleg bak alle fire drapa, men politiet har innleidd to ulike etterforskingar.

Mens trippeldrapet tysdag blir behandla som terror, blir drapet kvelden før behandla som ei vanleg drapssak, opplyser ein talsmann for påtalemakta, dommarfullmektig Eric Van Der Sypt.

Det er Hermans handlemåte som har fått påtalemakta til å anta at det er snakk om eit terrorangrep. Framgangsmåten er i tråd med den som IS har oppfordra til i videoar. Dei to politikvinnene vart først stukne med kniv før gjerningsmannen stal våpena deira og skaut både dei to betjentane og fleire andre.

Terrorskuldinga er også basert på at Herman ropte «Allahu Akbar» (Gud er størst) og hadde vore i kontakt med radikaliserte personar, ifølgje dommarfullmektig Wenke Roggen.

- Ikkje noko nettverk

Innanriksminister Jan Jambon opplyste onsdag at Herman drap ein tidlegare medfange kvelden før trippeldrapet. Herman skal ha slått 31-åringen i hovudet med det som truleg var ein hammer, og som seinare vart funnen i Hermans bil.

Jambon avviser at gjerningsmannen var med i noko større nettverk.

- Det er verkeleg ei isolert hending. Han var ikkje del av noko nettverk, han fekk ikkje instruksjonar frå nokon andre, så det er ikkje behov for å heve terrorberedskapen, sa Jambon til rikskringkastaren RTL onsdag.

Han åtvarar mot å trekkje forhasta konklusjonar.

- Det er teikn til at det var ei radikalisering, men var det radikaliseringa som førte til desse handlingane? Der kan vi også stille oss sjølv mange spørsmål, seier ministeren.

Ute på perm

Herman var fødd i 1982. Han var straffedømt for både ran, vald og narkotikasal, og var ute på ein todagers permisjon då drapa vart gjort. Ifølgje politiet vart han radikalisert etter å ha hatt kontakt med ytterleggåande islamistar i fengsel.

Dei to kvinnelege politibetjentane på 43 og 53 år vart stukne fleire gonger i ryggen. Deretter vart dei skotne med sine eigne våpen. Også ein 22-årig mann som sat i ein parkert bil like ved, vart skoten og drepen. Fire andre politifolk som vart trefte av skot, vart innlagde på sjukehus.

Gissel på sjukehus

Innanriksministeren har også måtta svare på spørsmål om korleis det er mogleg å stele våpena frå to politifolk.

- Dei reagerte bra. Alle systema, alle prosedyrane verka. Men dersom du blir angripen bakfrå, noko som var tilfelle med dei to politibetjentane, så kan du ikkje gjere noko, seier Jambon.

Herman rakk også å ta ein kvinneleg reinhaldsassistent som gissel ved ein skule i nærleiken før han sjølv vart skoten og drepen. Ho vart innlagt på sjukehus med sjokkskadar, og har fått besøk av både statsminister Charles Michel og kong Philippe.

Den aktuelle skulen var onsdag stengt og vil kanskje også halde stengt torsdag. Elevane får krisepsykologisk hjelp.

(©NPK)

Rettsmedisinarar jobbar på staden der to kvinnelege politibetjentar og ein 22-årig mann vart drepne tysdag. Fire andre politifolk vart innlagt på sjukehus med skotskadar. Foto: Geert Vanden Wijngaert / AP / NTB scanpix

Bernadette Hennart, mor til den drepne politibetjenten Soraya Belkacemi, og sonen Kamel Belkacemi, besøkte onsdag staden der dottera og ei anna politikvinne vart drepen tysdag. Foto: AP / NTB scanpix

Folk har lagt ned blomar på staden der to politikvinner vart drepne i Liège. Foto: AP / NTB scanpix

Belgiske politikvinner la onsdag ned blomar på staden der to kollegaer vart drepne tysdag. Foto: AP / NTB scanpix

Dommarfullmektig Eric Van Der Sypt og Wenke Roggen forklarte onsdag at påtalemakta vurderer trippeldrapet som terror. Foto: AP / NTB scanpix

Politiet prøver å roe ned ein mann etter angrepet i Liège tysdag. Foto: Geert Vanden Wijngaert / AP / NTB scanpix

Annonse