Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Bergensbanen opna igjen torsdag kveld etter at reparasjonsarbeida mellom Vaksdal og Trengereid er ferdige.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kjell@npk.no
Publisert: 26.07.2018 kl 08:46
Sist oppdatert: 26.07.2018 kl 19:29
Bana har vore stengt mellom Arna og Dale sidan onsdag morgon, men ved 19-tida torsdag kveld opplyser Bane Nor på Twitter at strekninga er opna igjen.
Tidlegare på dagen opplyste selskapet at det ville ta noko lengre tid enn først antatt å rette opp straumproblema som har ført til driftsstans.
Folk må rekne med forseinkingar og innstillingar inntil alt er i normal drift igjen, opplyser NSB.
(©NPK)
Straumproblem har ført til stans på Bergensbanen mellom Arna og Dale. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.