Annonse

Bergensbanen opnar tidlegast torsdag klokka 12

Bergensbanen er framleis stengt mellom Arna og Dale på grunn av straumproblem. Strekninga opnar tidlegast torsdag føremiddag.

Stenginga fører til at tog mellom Bergen og Voss er innstilt.

Bane Nor opplyser onsdag ettermiddag at stenginga minst vil vare fram til klokka 12 torsdag. Dei kjem med ein ny prognose torsdag føremiddag.

Folk må rekne med forseinkingar og innstillingar, og NSB organiserer alternativ transport for lokaltoga mellom Arna og Dale og regiontoga mellom Bergen og Voss.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen / NTB SCANPIX

Annonse
Annonse