Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Viss legemiddelfirma skal få gi gratis medisin til enkeltpasientar ved norske sjukehus, må dei heretter også tilby den same medisinen til alle andre - gratis.
trine.andersen@ntb.no/kari@npk.no
Publisert: 11.06.2018 kl 16:42
Det kjem fram av nye retningslinjer for helseforetaka, ifølgje Bergens Tidende.
Legemiddelfirma som ønskjer å la norske sjukehus prøve ut medisinar utan marknadsføringsløyve gratis, kan ikkje velje seg ut enkeltpasientar å gi medisinen til. I standardavtalen skal det stillast krav om at prisen vert sett til null, medisinen må bli tilbydd pasienten gjennom heile behandlingsforløpet og den må bli tilbydd til alle aktuelle pasientar til dei same vilkåra.
Retningslinjene trådde i kraft 1. mai, og stiller krav om at leverandøren må dekke alle utgifter, også for grossistar, apotek og eventuelle avgifter. Hensikta er blant anna at utgiftene til norske sjukehus ikkje skal ta heilt av, ved at enkeltpasientar får medisinen gratis før han får marknadsføringsløyve frå Legemiddelverket.
Då slepp helseføretaka å betale maksimalpris frå marknadsføringsløyve er gitt til Beslutningsforum avgjer om sjukehusa skal ta legemiddelet i bruk. Det kan ta fleire månader, og nokre gonger år.
Legemiddelindustrien (LMI), som organiserer legemiddelselskapa i Noreg, er kritisk til dei nye retningslinjene. Organisasjonen påpeiker at fleire har fått livreddande behandling ved hjelp av gratis medisin og at kravet om at alle eller ingen må få legemiddelet, truleg vil føre til at «ingen norske pasientar kan få eit slik tilbod».
(©NPK)
Leiaren av Beslutningsforum for nye metodar og direktør i Helse Midt RHF, Stig Slørdahl (i midten), meiner det «ikkje er akseptabelt» at legemiddelfirmaa tilbyr gratis legemiddel til enkelte pasientar kort tid før legemiddelet får marknadsføringsløyve. T.v. Lars Vorland, administrerande direktør i Helse Nord og t.h. samhandlingsdirektør Daniel Haga i Helse Midt RHF. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix