Annonse

Bilbrann i Ålesund - person død

Ein person er stadfesta omkommen i samband med ein bilbrann i Ålesund sentrum.

Politiet fekk melding om saka klokka 7.31 onsdag.

- Ein bil stod i full fyr ved inngangsdøra til tinghuset. Ein person som sat i bilen, vart stadfesta omkommen, opplyser operasjonsleiar Tove Anita Asp i Møre og Romsdal politidistrikt til NTB.

Brannen vart sløkt på kort tid.

- Vi veit ingenting om kva som har skjedd. Det vil etterforskinga vise, seier Asp.

(©NPK)

Annonse
Annonse