Klargjør siden...

Bjørndalen med «comeback» saman med kona

Både Ole Einar Bjørndalen og kona Darja Domratsjeva har lagt opp, men stiller opp på same stafett i eit showrenn i Tyskland i romjula.

29. desember stiller paret opp i mixedstafett mot verdseliten i det tradisjonelle julerennet i Gelsenkirchen.

- Vi deltar i hovudkonkurransen. Det har eg ikkje akkurat trent så mykje for, så no gjeld det å legge ein lur treningsplan, seier Ole Einar Bjørndalen til NRK.

- I år blir det berre éin formtopp, fortset han med eit smil om munnen.

Det er venta 50.000 tilskodarar på showrennet i heimearenaen til Bundesliga-klubben Schalke.

(©NPK)

Ole Einar Bjørndalen og Darja Domratsjeva under avskjedsselskapet i sommar. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix.

Annonse