Klargjør siden...
Annonse

BKK vil ha gransking etter milliardtap

Divisjonssjef i BKK meiner råvarebørsen Nasdaq bør granskast etter at ein norsk krafthandlar tapte alt han eigde på eit veddemål på kraftmarknaden.

Kraftmeklar Einar Aas vart tidlegare denne veka slått personleg konkurs etter at han ikkje klarte å gjere opp for seg på den amerikanske kraftmarknaden Nasdaq.

Divisjonssjef Erik Spildo i kraftselskapet BKK i Hordaland meiner det er viktig å få klarlagt korleis den norske krafthandlaren kunne få så stor posisjon på Nasdaq utan å gjere opp for seg.

- Poenget er at vi må sikre full tillit til kraftbørsen for aktørane og i samfunnet, og då må ikkje dette kunne skje igjen i dette omfanget. Den einaste måten vi kan sikre det på, er å få alle fakta på bordet og at eventuelle nødvendige tiltak blir sett i verk, seier han til NRK.

No må BKK saman med 200 norske kraftselskap og andre medlemmer av råvarebørsen ut med meir enn éin milliard norske kroner for å dekkje delar av holet på kraftbørsen.

(©NPK)

Annonse
Annonse
Annonse