Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Bodø har levert søknaden om å få bli europeisk kulturhovudstad i 2024 - trass i at kulturminister Trine Skei Grande har frårådd det.
marius.helge.larsen@ntb.no/kari@npk.no
Publisert: 05.10.2018 kl 19:25
Bodø-ordførar Ida Pinnerød presenterte fredag planar og ønskjer frå kommunen for EU-representantar og for nordiske organisasjonar, fortel NRK.
- Folk er imponerte over søknaden vår. Dei er nysgjerrige på Bodø og heile regionen, seier Pinnerød til NRK etter presentasjonen i Brussel.
Førebels er det ein søknad om prekvalifisering som er levert. Dersom denne blir godkjent, byrjar neste fase i prosessen for å bli ein godkjent søkjarby.
Kulturminister Trine Skei Grande har nekta å støtte prosjektet økonomisk og har meint at Bodø bør vente nokre år.
I byrjinga av 2019 får Bodø vite om dei kjem vidare til neste steg i prosessen.
I 2000 var Bergen kulturhovudstad. Stavanger og Sandnes var det i 2008.
(©NPK)
Bodøs ordførar Ida Pinnerød (Ap) er optimistisk sjølv om kulturministeren førebels ikkje har støtta kommunen i prosessen for å bli europeisk kulturhovudstad 2024. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix