Bolt debuterte for fullt hus, men orka ikkje mykje

Usain Bolt debuterte fredag som fotballspelar for Central Coast Mariners i ein treningskamp framfor fulle tribunar, men fekk lite til på dei 20 minutta sine.

Den raskaste mannen i verda har ein brennande draum om å bli profesjonell fotballspelar og har fått ein sjanse til å innfri draumen med Mariners i den australske A-ligaen. 10.000 tilskodarar fylte tribunane i Gosford til trengsel i treningskampen fredag mot eit amatørlag.

- Det var ein fantastisk augneblink for meg å få spela på dette høge nivået, i profesjonell fotball, sa Bolt etter 6-1-sigeren til Mariners.

- Det gjekk som eg venta. Publikum gav meg ovasjonar då eg kom inn, og eg sette pris på det. Eg var nervøs med ein gong, men nervane blei borte etter kvart.

Bolt, som tidlegare i sommar trente med Strømsgodset, har berre vore med på nokre få treningsøkter sidan han slutta seg til sesongførebuingane til Mariners. Han har vore open om at han ikkje er i skikkeleg kampform og blei raskt trøtt då han kom inn. Ironisk nok har han også klaga over tempoproblem, i og med at han ikkje er vand til måten fotballspelarar må springa.

Overkøyring

Lagkameratane gjorde kort prosess med motstandaren før pause. Jack Clisby scora etter berre 20 sekund, og det stod 5-0 halvvegs.

På ein kjølig vårkveld hadde Bolt på seg hanskar og heldt varmen med jogging og tøying. Med trøye nummer 95 (på grunn av verdsrekorden på 100 meter, 9,58) kom han inn i det 71. minutt, til stormande jubel.

Han spelte venstre kant og feila med den første ballberøringa si. Han gjekk på løp, men framspelet trefte han i hælen.

Orka ikkje

Fleire gonger storma han inn i feltet i håp om å nå innlegg, men dei to første segla over hovudet hans. Den beste involveringa hans var etter 10 minutt på banen, då han dempa ein sprettande ball, vende av ein motspelar og sentra til ein medspelar.

Han blei tydeleg trøytt. Sveitten silte, og det blei mindre springing. I sluttminutta kvikna han litt til igjen, og han var nær å nå eit flatt innlegg i feltet før eit skotforsøk blei blokkert.

- Eg skulle ønskja eg hadde fleire berøringar, men eg er ikkje i form enno. Eg må halda fram å jobba, og så ser eg fram til ein flott sesong, sa han.

(©NPK)

Usain Bolt i aksjon i debutkampen for profflaget Central Coast Mariners i Australia fredag. Den tidlegare sprintstjerna håpar å koma i form til å spela for laget i A-ligaen. Foto: Steve Christo, AP / NTB scanpix

Annonse