Klargjør siden...

Bolt på Godset-trening for å lære og bli betre

Den raskaste mannen nokon gong, Usain Bolt, drøymer om ein fotballkarriere. Den neste veka skal den pensjonerte sprintaren trene med Strømsgodset i Drammen.

Bolt kom til Drammen tysdag kveld og blei onsdag presentert på Marienlyst i samband med eit spelarmøte før treninga. Klokka 11 entra han graset saman med dei nye «lagkameratane» sine.

- Eg er her for å komme meg i form. Eg er veldig glad for at klubben godtok at eg kom hit. Eg skal gjere mitt beste, lære litt og bli betre, sa den jamaicanske eks-sprintaren til det relativt vaksne pressekorpset som hadde møtt opp på Godsets stadion.

Der var også eit tresifra tal publikum for å få eit glimt - og kanskje ein autograf - av Bolt.

- Moro

- Vi synest det er fantastisk morosamt at Usain Bolt vel å komme hit til Strømsgodset for å trene seg opp. Vi har jobba med dette i fem-seks veker. Det er ufatteleg morosamt for spelarane, og han kan mykje fotball, seier sportssjef Jostein Flo i Strømsgodset til NTB.

10. juni skal Bolt spele ein stjernetung velgjerdskamp på Old Trafford i Manchester. Han håper å komme i toppform til den kampen, slik at han får vist fram fotballferdigheitene sine for eit størst mogleg publikum.

Det er også mogleg at han kjem på banen når Godset spelar treningskamp mot Noregs G19-landslag kommande tysdag.

- Ja, det ville vore fint å få nokre minutt. Litt tid på banen i ein ordentleg kamp vil vere bra for meg, seier Bolt.

Drøymer om kontrakt

Han legg ikkje skjul på at han drøymer å signere proffkontrakt som fotballspelar, sjølv om han førebels ikkje har fått napp.

- Eg ønsker å fortsette å bli betre. Forhåpentleg vil eit lag legge merke til forbetringa og gi meg ein sjanse til å spele. Eg skal presse meg sjølv og spele kampar der eg kan. Eg er veldig seriøs, og eg vil vise meg fram på mitt beste neste helg.

Noko karriere i Strømsgodset blir det neppe, men Bolt ser ikkje vekk frå ei fotballframtid i Noreg.

- Du veit aldri. Eg har kost meg i Noreg før. Kanskje kan det skje noko, smiler hurtigtoget som la opp som sprintar etter VM i fjor.

Tempo

Bolt er den raskaste mannen i verda gjennom tidene etter å ha gjort unna 100-meteren i Berlin-VM i 2009 på 9,58 sekund. I same meisterskap sette han også verdsrekord på 200 meter med 19,19.

Han blei lovd matching av Strømsgodset-spelarar allereie på første trening.

- Det er eit par som har sagt at dei vil utfordre meg (til løpsduell). La oss sjå korleis det går utover veka.

- Eg skal trene på rørsle, ballberøringar og blikk for spelet. Eg skal suge til meg så mykje lærdom som mogleg og gjere mitt beste, fortset Bolt om målet med noregsbesøket.

(©NPK)

Usain Bolt trente med Strømsgodset onsdag. Det skal han gjere i ei heil veke.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Publikum i Drammen fekk sjå Usain Bolt vise fram ferdigheitene på kunstgraset.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Annonse