Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Usain Bolt fekk ikkje kontrakt med Strømsgodset. Tysdag trena den tidlegare sprintkongen for første gong med den australske klubben Central Coast Mariners.
egil.sether@ntb.no/hallvard@npk.no
Publisert: 21.08.2018 kl 15:59
Med hanskar og bukse på ein mindre kald vinterdag i Australia var Bolt med og jogga og tøygde ut, og han var med på ein del balløvingar med det nye laget sitt.
Bolt skal, ifølgje rapportane, ha vist glimt av god ballkontroll blanda med ein del tunge berøringar, mykje på grunn av trongen hans til å få ballen over til venstre.
- Det er akkurat som i friidrett. Den første dagen med trening er den tyngste. Du kan finne ut kor mykje trening du må leggje ned, men det kjennest greitt, sa Bolt etter den 45 minutt lange treningsøkta.
Den pensjonerte superstjerna i friidrett, som òg fylte 32 år tysdag, har fått sjansen i Australia etter at han har vore på treningsopphald i Tyskland og Sør-Afrika og i Noreg hos Strømsgodset.
Central Coast Mariners speler i den australske toppdivisjonen. Klubben held til nokre timar nord for Sydney på den australske austkysten. Sesongstarten i Australia er i oktober, men klubben har ikkje sett nokon sluttdato for prøvespelet.
- Eg har ikkje sett meg noko mål. Eg skal berre trene, sa Bolt.
- Dette er for meg den første sjansen til å få eit nivå å spele på som proff, så eg veit ikkje kva eg skal vente. Eg er berre her for å presse meg. Eg er her med blanke ark. Eg er her for å lære og bli betre.
Mariners-trenar Mike Mulvey var ikkje misnøgd med eleven etter den første treninga.
- Det berre den første dagen hans. Han er ein fantastisk idrettsutøvar, og vi er veldig glade for å ha han her, sa Mulvey.
Bolt er ute etter å vise kritikarane at dei tar feil om fotballferdigheitene hans.
- Folk sa masse ting om meg da eg dreiv med friidrett òg, men eg overtydde dei alltid. Så dette er enda ein sjanse til å vise at folk tar feil om meg, forsikra jamaicanaren.
Sjølv om han vil starte ein fotballkarriere når mange tenkjer på å gi seg, så drøymer framleis trettitoåringen om å spele for Manchester United.
- Eg dagdrøymer heile tida om store ting. Ein av dei største draumane mine er å spele for Manchester United. Det kan vere den største draumen eg har, sjølv om det berre er for fem kampar eller éin. Det ville vere ein draum som går i oppfylling. Eg er ein stor fan, avslutta Bolt.
Bolt er den raskaste mannen i verda nokon gong etter å ha gjort unna 100-meteren i Berlin-VM i 2009 på 9,58 sekund. I same meisterskapen sette han òg verdsrekord på 200 meter med 19,19.
(©NPK)
Usain Bolt på den første treninga med Central Coast Mariners i Australia. Foto: Steve Christo / AP / NTB scanpix
Usain Bolt trenar med Central Coast Mariners. Foto: Steve Christo / AP / NTB scanpix
Usain Bolt tøyer ut på treninga tysdag. Foto: Steve Christo / AP / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.