Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Advokatane Arvid Sjødin og Brynjar Meling har engasjert seg i den omstridde bompengepakka på Nord-Jæren og vil prøve å få henne stansa i retten.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/gunnhild.skjold@ntb.no/hallvard@npk.no
Publisert: 19.09.2018 kl 14:25
Dei to advokatane er engasjerte for å forme ut ei mellombels åtgjerd til Stavanger tingrett, som sannsynlegvis blir levert torsdag, skriv Stavanger Aftenblad.
Der vil dei legge fram påstand om at dei nye bomringane på Nord-Jæren ikkje kan setjast i drift før bilistane får forsikringar frå bompengeselskapet Ferde om at dei ikkje vil bli belasta rushtidsavgift før klokka 7.
Ifølgje avisa vil inntil 5 prosent av bilistane i regionen risikere å måtte betale denne avgifta når dei nye bomringane blir sette i drift 1. oktober, sjølv om dei passerer bomstasjonen før avgifta slår inn. Dette skjer fordi det for nokon av bilistane vil vere forseinkingar i overføringa, slik at registreringa først blir registrert hos bompengeselskapet i perioden der rushtidsavgifta gjeld. Dermed må dei betale dobbelt så mykje som dei eigentleg skal.
- Bompengeselskapet har ikkje heimel til å krevje inn rushtidsavgift før klokka 7. Og når Ferde ikkje kan sjå bort frå at dette vil skje, så har ikkje selskapet lovheimel til ein slik praksis. Vi må stille same krav til styresmaktene som til andre i kontrollfunksjonar. Her har vi fått forklart at bompengeselskapet vil krevje inn ukorrekt rushtidsavgift for ein del bilistar. Dei kan ikkje krevje inn pengar dei ikkje har krav på, seier Sjødin.
(©NPK)
Advokatane Arvid Sjødin (ståande) og Brynjar Meling har engasjert seg i bompengepakka på Nord-Jæren og vil bidra med å prøve å stanse ho i retten. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix