Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Kjell Magne Bondevik (70) sluttar som leiar for Oslosenteret, men fortset som arbeidande styreleiar på deltid.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kjell@npk.no
Publisert: 06.06.2018 kl 18:08
Samtidig inngår senteret partnarskap med Bjørknes Høyskole, men fortset som eiga stifting, skriv Vårt Land.
Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har leidd Oslosenteret sidan han etablerte det saman med KrF-partifellen Einar Steensnæs for tolv år sidan. Steensnæs er direktør for senteret, men gir seg 1. oktober, skriv avisa.Oslosenteret har i dag ni tilsette, går det fram av nettsida til senteret.
- Eg har framleis mykje energi og synest det eg driv med er så interessant og givande at eg gjerne vil fortsette vidare. Men frå no blir det som arbeidande styreleiar i 60 prosent stilling ved Oslosenteret, seier Bondevik.
Oslosenteret skal ifølgje avisa også flytte frå Oslo sentrum til lokala til Bjørknes Høyskole på Lovisenberg litt utanfor sentrum.
(©NPK)
Kjell Magne Bondevik gir seg som leiar for Oslosenteret, som han sjølv har etablert. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.