Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Oslo Børs avslutta aksjehandelen denne veka med ein nedgang på 0,29 prosent og enda på 927,22 poeng.
trine.andersen@ntb.no/kari@npk.no
Publisert: 05.10.2018 kl 17:50
Etter den dramatiske nyheita og fallet i verdi torsdag om at Norsk Hydro stengjer Alunorte-verket i Brasil, steig aksjekursen igjen markant fredag. Då handelen stengde klokka 16.30 var aksjen den nest mest omsette og hadde gått opp heile 4,13 prosent.
Equinor var som vanleg det mest omsette selskapet, men kursen fall med 0,17 prosent. Også dei fleste andre dominerande selskapa måtte notere nedgang. Yara fall med 1,15 prosent, Aker BP gjekk ned 2,31 prosent og Subsea 7 vart redusert med 2,74 prosent. Hydrogenselskapet NEL har opplevd ei veke der børsverdien har lagt på seg meir enn 19 prosent, men fredag gjekk kursen tilbake med 1,24 prosent.
DNB gjekk noko fram og stoppa med ein oppgang på 0,39 prosent.
Norwegian-aksjen har falle tungt heile veka og er ved vekeslutt redusert 15 prosent i verdi dei siste dagane. Nedgangen heldt fram fredag med ytterlegare 2,9 prosent.
På dei europeiske børsane vart det raude tal over heile linja. Den tyske DAX 30-indeksen fall med 1,06 prosent og den franske CAC 40 gjekk 0,91 prosent tilbake. I London vart FTSE 100-indeksen målt til ein nedgang på 1,16 prosent.
Eit fat nordsjøolje vart fredag ettermiddag omsett for 84,76 dollar. Amerikansk lettolje vart selt for 74,64 dollar.
(©NPK)
Oslo Børs i Oslo. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix