Annonse

Børsveka enda i minus

Tungvektarane svikta og oljeprisane fall då Oslo Børs enda veka i minus. Hovudindeksen fall med 0,7 prosent og enda ved stengetid fredag på 892,97 poeng.

Den einaste blant tungvektarane på børsen som kunne ta helg med eit smil om munnen, var Telenor, der aksjen gjekk opp med 1,66 prosent.

Elles var den ein tung dag for både Norsk Hydro (-2,0), DNB (-0,6), Aker BP (-0,7) og Yara International (-0,1).

Som alltid enda Equinor, tidlegare Statoil, på omsetningstoppen, men også dei måtte notere nedgang på 0,7 prosent til 209,3 kroner per aksje.

Taparen den siste børsdagen denne veka vart legemiddelselskapet Nordic Nanovector, som fall med 4,98 prosent, mens IT-selskapet Atea stakk av med sigeren som dagsvinnar med ei stigning på 4,28 prosent.

Ute i Europa var stemninga blanda fredag. I Frankfurt fall Dax 30-indeksen 0,05 prosent, mens CAC 40 i Paris steig med 0,1 prosent. I London fall FTSE 100 med 0,68 prosent.

Eit fat nordsjøolje vart fredag ettermiddag omsett for 75,97 dollar fatet, ein nedgang på 0,66 prosent, mens eit fat amerikansk lettolje gjekk ned med 0,76 prosent til 67,13 dollar fatet.

(©NPK)

Arkivfoto: Axel Nilsson Raftsjø / NTB scanpix

Annonse