Annonse

Brannvernforeningen vil stanse sal av eingongsgrillar

Norsk brannvernforening meiner ekstrem tørke og totalforbod mot opne flammar i mange område også bør føre til stans i sal av eingongsgrillar.

Ekstremt tørre forhold i nesten heile Sør-Noreg har allereie ført til fleire skogbrannar. Nå er tida inne for å kose seg med kald mat dersom ein er på tur i naturen, meiner Norsk brannvernforening og oppfordrar næringslivet til å ta ansvar og stanse salet av eingongsgrillar.

- Om det er mogleg å få til, ville det vore strålande at ein frå Trøndelag og sørover unngår å selje eingongsgrillar ei tid framover, seier administrerande direktør Rolf Søtorp i Norsk brannvernforening til P4.

Han får støtte av avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Ho seier det er viktig at alle nå tar eit ansvar for hindre fleire skogbrannar.

- Det aller viktigaste er at folk som allereie har kjøpt eingongsgrillar ikkje finn på å bruke dei ute i naturen, seier ho til radiokanalen.

Rema stoppet salet

Rema 1000-butikken på Ulsrud i Oslo har fått ros frå brannvesenet for at den allereie har tatt ansvar og stoppa salet av slike griller, skriv Dagbladet. Med ein plassering like ved Østmarka og populære Ulsrudvann er det mange som handlar der før turen går opp i skogen.

På pallane med eingongsgrillar i butikken er det hengt opp lappar med teksten: «Det er innført totalforbud mot åpen ild i nærheten av skog og mark. Derfor har vi bestemt her på Rema 1000 Ulsrud å stoppe salg av engangsgriller midlertidig.»

- Vi tenkte at vi like gjerne kan stoppe dei som har tenkt å fyre opp eingongsgrillen i marka. Folk får klare seg med kald mat i marka i desse dagane, seier kjøpmann Morten Wiik til avisa.

Grillbot

Sørvest politidistrikt melder på si Facebook-side at ein mann i 30-åra søndag fekk eit førelegg på heile 5.000 kroner da han trass i forbodet fyrte opp ein eingongsgrill ved badeplassen Haraldsvang i Haugesund.

- Det tok fyr i graset rundt grillen og svidde av omtrent ein kvadratmeter med gras. Mannen fekk eit førelegg som hamnar på rullebladet, og må betale ein bot på 5.000 kroner, seier politiadvokat Sveinung Andersen.

(©NPK)

Fleire meiner butikkar bør stanse salet av eingongsgrillar på grunn av den ekstreme faren for skogbrann. Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen / NTB scanpix

Annonse