Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Clas Brede Bråthen røska opp i hoppkonflikten igjen i den nye boka si og med ein lanseringsfest for hoppfamilien. Skiforbundet vil sjå framover.
Publisert: 13.10.2022 kl 12:36
På kulturscena Blå i Oslo var det heilt fullt då Bråthens bok «Hoppsjel» vart lansert tysdag. Boka er skriven av forfattarane Astrid Versto og Terje Svabø, som er nære venner av Bråthen. Ho blir gitt ut på forlaget til Bråthens dotter.
Konflikten med Skiforbundet enda med at Bråthen gjekk inn i rolla som landslagssjef, og Ståle Villumstad vart konstituert sportssjef. Det var etter ein lang periode der saka hadde vorte kjend for allmenta. Eit år seinare er boka gitt ut.
Bråthen held fast på at samarbeidet med forbundet vil gå bra framover etter boklanseringa.
– Eg tenkjer at vi får ta dei andre tinga på vegen. Eg vil berre leggje det bak meg og komme vidare, og eg kjenner at boka skal vere ei moglegheit for folk til å setje seg inn i vår side og mi side av saka, seier Bråthen til NTB.
– Kva godt kjem ut av dette for Skiforbundet?
– Det er viktig for oss i hopp og for meg at historia vår kjem. Forhåpentleg er dette punktum, og vi kan byrje å jobbe vidare saman om dei oppgåvene som ligg framfor oss til å attskape det hoppsporten skal vere i Noreg, seier Bråthen.
Den nyvalde skipresidenten Tove Moe Dyrhaug var sjølv i styret som var involvert i konflikten som vart meir og meir betent i fjor. NTB stilte henne spørsmål om det er akseptabelt for Skiforbundet med Bråthens bok- og lanseringsfest når organisasjonen har bede om ro.
– Fokuset vårt er å leggje denne saka bak oss og sjå framover og skape ro, skriv Dyrhaug i ein SMS til NTB.
I etterkant av «Bråthen-saka» stilte ikkje Erik Røste til attval som skipresident. Ingvild Bretten Berg gir seg også som generalsekretær i Skiforbundet. Ho er samd med arbeidsgivaren sin om ein sluttavtale.
Dyrhaug har allereie teke grep for å betre kulturen i forbundet. Hopptrenar Alexander Stöckl er fornøgd med inntoget til presidenten.
– Ho prøver verkeleg å få til ei felles forståing rundt kva som er vegen rundt skiforbundet vidare, seier Stöckl til NTB.
Stöckl deltok sjølv på lanseringa av boka til Bråthen. Mot slutten av seansen spelte han tre låtar på scena saman med hopptrenaren til kvinnene, Christian Meyer.
– Eg trur vi kan få til ei bra kulturendring saman med alle partar i forbundet, seier han.
Under seansen på Blå snakka Bråthen om situasjonen i kjølvatnet av konflikten. Han brukte analogien om at byggverket gjennom 20 år vart brent opp på nokre månader.
– Vi står igjen på branntomta. Tomta er framleis like verdifull på grunn av utøvarane og trenarane, men vi må få litt meir grunnmur og byggverk på det, sa Bråthen på scena.
Framleis manglar det midlar til hoppsatsinga. Etter sesongen gjekk mellom anna LOs avtale som hovudsponsor ut.
(©NPK)
Boka «Clas Brede – Hoppsjel» vart lansert tysdag. Her er Clas Brede Bråthen (til venstre) saman med ein av forfattarane, Terje Svabø. Foto: Terje Pedersen / NTB
Boka «Clas Brede – Hoppsjel» vart lansert i Oslo tysdag. LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og LO har støtta han heile tida. Foto: Terje Pedersen / NTB
Clas Brede Bråthens bok vart lansert tysdag. Her med forfattarane Terje Svabø (t.v.) og Astrid Versto (t.h.). Foto: Terje Pedersen / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.