Britane vil ha meir av fisken sjølv

Storbritannia vil fortsetje å la nordmenn og europearar fiske i britiske farvatn etter brexit. Men ikkje like mykje.

Det kjem fram i ein 60 sider lang fiskeriplan som vart sendt på høyring onsdag.

I planen teiknar fiskeriminister Michael Gove eit detaljert bilete av fiskeripolitikken han ser for seg at Storbritannia skal føre etter skilsmissa frå EU.

- Utmeldinga vil skape eit hav av nye moglegheiter for fiskeindustrien vår. Når vi forlèt EUs felles fiskeripolitikk, kan vi ta tilbake kontrollen over britiske farvatn og revitalisere kystsamfunna våre, seier han.

Noreg vert nemnt 15 gonger i planen, og Gove er tydeleg på at fiskarar frå andre europeiske land framleis vil få tilgang til britiske farvatn etter brexit.

Men britane ønskjer å sikre større kvotar til seg sjølv enn før.

I dag byggjer kvotefordelinga innanfor EU på historiske fiskemønster frå perioden mellom 1973 og 1978. Den modellen vil Storbritannia vekk frå.

I staden går britane inn for modellar som legg meir vekt på den geografiske tilhøyringa til fiskeria, noko dei meiner vil tilseie større kvotar til britiske fiskarar.

Storbritannia ser for seg årlege fiskeriforhandlingar, tilsvarande det systemet Noreg har med EU i dag.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Anette Karlsen / NTB scanpix

Annonse