Brunstad Christian Church blir med i Noregs kristne råd
Brunstad Christian Church, tidlegare kjent som Smiths venner, blir ein del av Noregs kristne råd, melder Vårt Land. Dei har fått observatørstatus i rådet.
Noregs kristne råd vedtok på eit styremøte onsdag å gi Brunstad Christian Church (BCC) observatørstatus i rådet.
Planen er at forsamlinga skal bli ein ordinær medlem etter kvart, skriv Vårt Land.
- Brunstad Christian Church har det siste året hatt fleire samtalar og dialogmøte med Noregs kristne råd, mellom anna i spørsmål om teologi og økumenikk. Det har vore gode samtalar prega av gjensidig respekt og interesse for å lære kvarandre betre å kjenne, seier generalsekretær Erhard Hermansen i Noregs kristne råd i ei pressemelding.
- For Brunstad Christian Church betyr samarbeidet med Noregs kristne råd at vi kan lære av andre kristne organisasjonar, og vi kan fjerne unødvendige barrierar mellom kristne trussamfunn, seier Harald Kronstad i BCC i meldinga.
BCC, som også er kjent som «Den kristelige menighet» har vel 8.000 medlemmer i Noreg i dag. Frikyrkja vart grunnlagd av Johan Oscar Smith i 1898.
(©NPK)