Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Den italienske keeperveteranen Gianluigi Buffon (40) har skrive under for Paris Saint-Germain.
sjur.natvig@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 06.07.2018 kl 19:30
Det bekreftar den franske storklubben fredag kveld.
- Eg er glad for å signere for Paris Saint-Germain. For første gong i karrieren forlèt eg heimlandet mitt. Berre eit ambisiøst prosjekt som dette kunne få meg til å ta ei slik avgjerd, seier Buffon til klubbnettsidene.
40-åringen har skrive under på ein eittårskontrakt med moglegheit for forlenging på eitt år.
Keeperen kjem frå Juventus etter at kontrakten hans gjekk ut i juni. Han fekk 656 kampar for Torino-klubben.
Fredag formiddag vart Buffon observert i PSGs hovudkvarter og på eit sjukehus i nærleiken for å gjennomføre den medisinske testen. Same kveld vart overgangen offentleggjort.
Signeringa er PSGs første sidan tyske Thomas Tuchel overtok som trenar.
Den franske seriemeisteren har allereie keeperane Kevin Trapp og Alphonse Aréola i troppen. Dei er del av VM-troppane til høvesvis Tyskland og Frankrike.
Buffon står oppført med 176 landskampar og eitt VM-gull for Italia.
(©NPK)
Keeperveteranen Gianluigi Buffon har skrive under for den franske storklubben Paris Saint-Germain i løpet av kort tid. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix