Klargjør siden...
Annonse

Bullen ikkje i nærleiken av nytt EM-gull

Noregs medaljegrossist Grace Bullen fekk det knalltøft og gjekk på eit klart kvartfinaletap i 57-kilosklassen under bryte-EM i Russland torsdag. 

21-åringen frå Fredrikstad kom til kort i møtet med Alyona Kolesnik frå Aserbajdsjan. Kampen var over etter berre litt over eitt minutt. Kolesnik vann 10-0.

I kvalifiseringa gjekk Bullen så vidt vidare etter 4-4 mot polske Jowita Wrzesien, som plukka to poeng på dei siste sekunda.

Bullen vann i fjor sitt første EM-gull på seniornivå. Ho har også eitt sølv (2016) og ein bronse (2015). Alle medaljane kom i 58-kilosklassen.

I år var ho tvinga til enten å gå opp eller ned ein vektklasse. Bullen valde overraskande å gå ned til 57 kilo.

- Eg går ned ein vektklasse fordi der møtest dei tøffaste kvinnene i verda, sa ho til NRK før meisterskapen i russiske Kaspisk.

- Eg kunne gått i 59 der det er halvparten så mange utøvarar som det er i 57, men det viktigaste for meg er å bli hugsa for måten eg bryt på. Eg vil at handlingane mine skal tale høgare enn medaljane mine, la ho til.

Det skulle vise seg at 57-kilosklassen var akkurat så tøff som antatt.

Tidlegare i veka tok Stig-André Berg EM-sølv i 63-kilosklassen i gresk-romersk bryting. Han tapte 2-3 i finalen mot rumenske Mihai Radu Mihut.

(©NPK)

Grace Bullen fekk det tøft då ho prøvde seg i 57-kilosklassen under bryte-EM i Russland. Fjorårets europameister tapte klart i kvartfinalen. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Annonse
Annonse
Annonse