Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Manchester City endrar køyrevegen når dei lyseblå gjestar Liverpool i Premier League søndag. Dei håpar å unngå same drama utanfor Anfield som førre sesong.
espen.hartvig@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 04.10.2018 kl 13:30
I april vart Citys lagbuss vandalisert av Liverpool-supporterar då den var på veg til stadion. Dei kasta flasker og røykbomber. Episoden skjedde i forkant av den første duellen i meisterligakvartfinalen.
Ingen personar kom til skade, men bussen fekk så hard medfart at den ikkje lenger var køyrbar.
Ifølgje BBC vil Manchester City køyre ein annan veg til Anfield søndag. Merseyside-politiet varslar også at dei vil ha ekstra personell i området for å unngå ein reprise av scenene frå i vår.
City toppar PL-tabellen på betre målforskjell enn Liverpool. Begge står med 19 poeng etter sju serierundar.
Anfield er ein marerittarena for City. Manchester-laget har berre éin ligasiger der sidan 1981. Den nemnde meisterligakampen i april enda med 3-0-siger til Liverpool.
(©NPK)
Manchester City skal søndag møte Liverpool på Anfield. Klubben køyrer då ei anna rute til stadion enn då laga sist møttest der. Foto: Rui Vieira / AP / NTB scanpix